Søk på dette nettstedet





About Us | Documents ( ) | Conference | Books | Partners | Contact | Home
13 sept Uhellig innvandrerskepsis i brunt, hvitt og blått?

BRUNT, KVITT OG BLÅTT

Av bror Arnfinn Haram

”Så er den faste som eg vil ha: at du løyser dei som med urett er bundne…at du deler ditt brød med dei som svelt, og lèt heimlause stakkarar koma i hus”. Desse orda frå profeten Jesajas bok stod eg ein kveld og las høgt i Loddefjord kyrkje i Bergen der eg då var sokneprest; det var Oskeonsdag og innleiingsudsteneste til fastetida før påske. Teksten som vart lesen, var ikkje sjølvvald, men ein del av den liturgske ordninga på denne dagen. Vel heime i prestegarden fem minutt etter, ringde telefonen med spørsmål om eg kunne ta i mot asylantar i kyrkja. Det var på åttitalet og i den fyrste fasen av kyrkjeasyl-praksisen i nyare tid.

Orda song i øyret mitt. Eg sa ja, tok ein telefon til biskop Lønning som gav full ryggdekning, sikkert med nokre kloke formaningar på kjøpet. Kort tid etter tok vi i mot ein barnefamilie frå Kosovo som blei innlosjert i kyrkjelydshuset like ved. Seinare kom andre til.

Det var då eg for fyrste gong fekk skikkeleg auge på brunfargen i den norske folkesjela. Ikkje i kyrkjelyden, men frå mange andre hald. Telefonar, trugslar og mishagsytringar. Det ytra seg på to måtar: Skepsis og aggresjon i høve til menneske som vil ta frå oss dei godane som tilhøyrer oss og våre; frykt og fordomar mot menneske som ein rekna for slue, kriminelle og valdelege. I tillegg kom det som seinare er blitt sjølve hovudtrugselen og summen av alle dei andre fårlege fenomena: den ukjende og markerte religiøsiteten som innvandrarane vil prakke på oss. Særleg gjeld dette islam. For nokre kristne miljø er dette trugande fordi det er ein annan religion, for dei sekulære framandfiendtlege er det trugande rett og slett fordi det er ein religion som vert teken på alvor og praktisert på alle plan i livet. Høgreorienterte kristne og ein del venstreorienterte sekularistar har gått i allianse mot denne felles fienden.

Det er tankevekkjande at den djuptsitjande og allmenne angsten og aggresjonen er blitt ein så dominerande politisk realitet, noko den raudgrøne regjeringa sin nye innstrammingspolitikk er ein klår indikator på. Interessant er det då at noko av dei mest positive haldningane til ein opnare politikk i dag finst ikkje minst i kristne og kyrkjelege miljø trass i motsette signal frå ein del kristne FrP-sympatisørar. Både dei kyrkjelege leiarane og grunnfjellet i Kristeleg Folkeparti er mellom dei sterkaste og tydlegaste utfordrarane av asylant- og innvandrarskepsisen. I desse leirane står ein endå for verdiar som elles er på sterk retur i folkelege haldningar. Den kristne universalismen og den kristne bror- og nestekjærleikstanken er ikkje ein så sjølvsagt klangbotn som dei har vore. Det same gjeld opplevinga av at livet og livsgodane er ei gåve som vi skuldar å dele med andre. Bordverset er blitt borte, for å seie det slik. Det er ei gåte for meg at ein tek vår enorme og nesten perverse rikdom for noko heilt opplagt og naturleg. At folk frå den normale, fattige verda skulle ha rett på ”våre” godar, er blitt noko framandt og opprørande for den norske livskjensla. Jeppe på Bjerget er, som kjent, ikkje nådig når han vert baron.

Sjølve mageregionen i framandfiendskapen er likevel hatet mot religionen, in casu islam. Men islam verkar ikkje som ein trugsel berre fordi han kan ta over for kristendomen; like forstemmande er det for mange at truande av alle slag kan ’samle seg på valen’ og velte den sekulære utopien. For den jamne, avkristna nordmannen, såvel som for den religionskritiske eliten, er Trua den aller fårlegaste asylsøkjaren.

Både materielt og etisk er tillfellet Noreg etterkvart ei så oppblåst boble at ho før eller seinare må sprekke. Før eller seinare vil verda innhente oss med alt det der ute som vi er redde for: Fattigdomen, urettferda – og Gud.

(Publisert fyrst i spalten “Signert” i ‘Klassekampen’, 13.sept.-08)



Go back